post@subaquatech.no 57 73 02 30

Om bedrifta

Litt om oss


Sub Aqua Tech AS er ei lita bedrift med tre tilsette som held til i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane. Bedrifta vart etablert i april 2000 og i juni 2007 omdanna til aksjeselskap. Sub Aqua Tech leverar akvatiske miljøtjenester til oppdrettsfirma, samt andre offentlege og private aktørar med hovudfokus på Vestlandet. Vi er ein sjølvstendig og lokal leverandør med integritet og kundens behov i fokus. Sub Aqua Tech er også leverandør av undervannsutstyr for profesjonelt bruk, samt at vi utførar inspeksjon under vatn med bruk av ROV.

Tilsette


Eivind Aarseth

Dagleg leiar

Sub Aqua Tech AS sin grunnleggjar Eivind Aarseth har frå 1992 - 2000 arbeidd som Fiskerirettleiar i Askvoll og Hyllestad. Dei siste to åra i etaten hadde han skjeldyrking som spesialfelt.

Eivind Aarseth er utdanna innan akvakultur frå fagskule og høgskule og har elles allsidig praktisk erfaring både frå fiskeoppdrett og fiskeindustri. Han starta Sub Aqua Tech AS i 2000 og har sidan den gong fått mykje erfaring innan miljøovervaking og lokalitetsundersøkingar. Han har også drive med sal av miniubåt (ROV) og anna undervassutstyr sidan etableringa i 2000.

Kontaktdetaljer
Telefon: 97 53 71 39

Eirik Leknes

Miljøkonsulent

Eirik har ein master innan havbruksbiologi frå Universitetet i Bergen. Han har 5 års praksis frå arbeid på oppdrettsanlegg i Sunnfjordregionen og har arbeidd hos Sub Aqua Tech AS sidan mars 2015.

Kontaktdetaljer
Telefon: 48 11 94 43
Scroll to Top