post@subaquatech.no 57 73 02 30

Kartlegging av botntopografi og utarbeiding av botnkart

Sub Aqua Tech AS har ein avansert programvare (Geocap Seafloor) for utarbeiding av detaljerte botnkart i 2D og 3D. Verksemda sine båtar kan nyttast til innsamling av data for vidare handsaming i Geocap Seafloor og utarbeiding av botnkart etter kunden sine ynskjer (oppløysing, 3D og 2D presentasjon m.m.).

Desse karta kan nyttast i samband med søknad og vurdering av nye lokalitetar, planlegging av fortøyingstrasear, plassering av anlegg i høve til topografi m.m.

For prisliste, kontakt oss her.

Utstyr:
Vi har diverse utstyr som vert nytta i samband med feltarbeid.

  • Tone-To LF-4248; (Ardea Pro 27) bygd i samsvar med Sub Aqua Tech AS sine behov og spesifikasjonar. Utstyrt med mellom anna smalstråle svingar (6 grader) for meir nøyaktig kartlegging av botntopografi ned til ca. 350 meter djupn.
  • Zodiac Pro 500. RIB på hengar særskilt tilpassa Sub Aqua Tech AS sine behov
  • Outland 1000 ROV – blir brukt til inspeksjon under vatn.
  • Diverse dropkamera
Scroll to Top