post@subaquatech.no 57 73 02 30

Miljøundersøking (MOM-B)

Sub Aqua Tech AS har per januar 2014 utført om lag 200 MOM-B undersøkingar. Sidan 2005 har det vore obligatorisk for alle matfiskanlegg å gjennomføre ei trendovervaking av miljøet etter Norsk Standard NS9410:2016, eller liknande internasjonal standard.

MOM-B undersøking er ein enkel "trendovervaking" av botntilhøva under eit oppdrettsanlegg. Undersøkinga kombinerer mange parameter og blir difor mindre følsam ovanfor avvik i dei einskilde av desse. Metoden er svært effektiv for å følgje utviklinga av miljøbelastninga under anlegget. Med regelmessige MOM-B undersøkingar kan ein dermed unngå overbelastning som eit resultat av for mykje biomasse i høve til resipientkapasiteten.

Etter at undersøkinga er ferdig (minimum 10 grabbestasjonar) vert det laga ein rapport med skildring av miljøtilstand og botntopografi under anlegget  (4 tilstandar der 1 er best og 4 verst). Tilstanden for lokaliteten er ein middelverdi basert på dei 10 grabbestasjonane som er fordelt rundt i anlegget.

Scroll to Top